Karen Helga Maurstig (f. 1959) er biletkunstnar med røter frå Solund og er busett på Vassenden i Sunnfjord. Ho er utdanna ved kunstakademiet i Rotterdam og i grafikk ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. I tillegg har ho hatt fleire studieopphald i Japan. Karen Helga Maurstig har m.a. hatt separatutstillingar og delteke i fleire kollektivutstillingar.