Johann Wolfgang von Goethe (1779–1832) er utan tvil den mest vesentlege forfattaren i tysk litteratur gjennom tidene, og han var ein sentral figur i den europeiske romantikken på 1700- og 1800-talet.
Goethe var banebrytande i si tid og han var ein frontfigur den tyske litteraturepoken Sturm und Drang som var ein motstraum mot den franske klassisismen, tradisjonalismen og den dominerande rokokkostilen.
Saman med Friedrich Schiller utvikla Goethe diktinga si i ei meir avklart og historisk orientert retning, og danna grunnlaget for det som seinare vart omtalt som Weimarer Klassik (weimarklassisismen).