Ingeborg Refsnes(f. 1975) er forfattar og fotograf frå Ålesund. Ho har tidlegare vore journalist, fotograf og reportasjeleiar i Adressavisen i Trondheim. Etter tolv år flytta ho heim til lyset på Sunnmøre og eit hus med utsikt rett inn i Hjørundfjorden. I 2014 starta ho forteljarbyrået Ref. og vart kåra til «Møre og Romsdals kreative talent» i 2015. I dag jobbar ho som marknadsansvarleg for kulturhusa i Ålesund.
