Inge Aarseth (f. 1940) er fødd i Sunnhordland og oppvaksen i Aurland i Sogn. Etter studiar ved Universiteta i Oslo og Bergen har han undervist i geologi ved Universitetet i Bergen der han har forska om fjordane og landskapet på Vestlandet. Han har vore medarbeidar i fleire populærvitskaplege bøker frå Vestlandet. I 2009 fekk han ein pris for forskingsformidling frå Norsk geologisk forening. Han er enno aktiv som formidlar med føredrag, kurs og ekskursjonar, og med å laga geologiske naturstiar for skular i Bergensområdet.