Gertrude Stein (1874–1946) var fødd og oppvaksen i Pittsburgh (tidlegare Allegheny) i Pennsylvania, men før ho blei 30 år flytte ho til Paris der ho budde i lag med sambuaren Alice B. Toklas fram til ho døydde.
Stein var ein vesentleg frontfigur i den modernistiske litteraturen og inspirerte mange kunstnarar og forfattarar i samtida. Ho har også hatt stor påverknad på seinare litteratur.