George Eliot var pseudonymet til Mary Ann Evans (1819–1880), ein av dei mest innflytelsesrike forfattarane i viktoriatida. Med romanar som Silas Marner og Middlemarch skreiv ho seg inn i litteraturhistoria og sette varige spor etter seg.

For å bli teken på alvor som forfattar i ein mannsdominert litterær og intellektuell kultur, valde Evans å gi ut under pseudonym. Ho var blant dei første som skreiv romanar med tydeleg filosofisk og psykologisk djupn, og har vore ei viktig inspirasjonskjelde for forfattarar som Henry James, Virginia Woolf og James Joyce.

Mary Ann Evans blei fødd i Warwickshire på den engelske landsbygda. Fordi ho ikkje blei sett på som ei pen og lågmælt jente, rekna ikkje foreldra med at ho nokon gong kom til å bli gift, og dei investerte i skulegangen hennar. Ho blei send på kostskule frå ho var ni år, men mora døydde då ho var seksten, og Mary Ann måtte slutte på skulen for å ta seg av heimen.

Trass i den korte skulegangen var Evans ein ivrig lesar, med lett tilgang til bøker, og slik kunne ho gi seg sjølv ei brei danning, med inspirasjon frå mellom anna den klassiske greske litteraturen. Då ho var 21 år, flytta ho saman med faren til Coventry, der ho blei kjend med ein krins av radikale tenkjarar. Ho tok seg av faren til han døydde i 1849. Etter det fekk ho eit friare liv, og berre fem dagar etter farens død drog ho saman med vennar til Sveits, før ho flytta til London og blei redaktør for tidsskriftet The Westminster Review.

Etter ei novellesamling, gav ho ut sju romanar som gjorde stor suksess, godt mottekne både av kritikarar og lesarar. I ei tid der mange romanar handla om adelsfolk og dramatiske eventyr, valde ho å skrive om menneske som sjeldan fekk stå i sentrum i skjønnlitteraturen – om arbeidarar, handverkarar, einslege kvinner og fattigfolk.

Spekulasjonane gjekk høgt rundt kven som gøymde seg bak namnet. Til slutt gav Mary Ann Evans seg offentleg til kjenne som George Eliot. Mange vart sjokkerte over at ho viste seg å vere ei frittenkjande kvinne som attpåtil levde i eit utanomekteskapleg forhold. Men suksessen gjorde at ho og livspartnaren blei tekne inn i all slags gode selskap – sjølv dronning Victoria slukte George Eliots romanar – og heimen deira blei ein møteplass for forfattarar og intellektuelle.

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk