Frode Grytten (f. 1960) er opprinneleg frå Odda og bur no i Bergen. Han var tidlegare journalist i BT. Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk og er i dag forfattar på heiltid. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999 som han fekk Brageprisen og nominasjon til Nordisk råds litteraturpris for.