Den portugisiske forfattaren Fernando Pessoa (1888–1935) levde eit tilbaketrekt liv som kontorist i Lisboa, men er i dag rekna som ein av dei store europeiske modernistane, på linje med namn som James Joyce, Franz Kafka, Virginia Woolf og Robert Musil. På same måten som Joyce gjennom litteraturen sin er knytt til heimbyen Dublin, og Kafka til Praha, Woolf til London, Musil til Wien, er Pessoa uløyseleg knytt til Lisboa og til heimlandet Portugal, der han er eit folkekjært allemannseige.