Espen Eichhöfer (f. 1966) er fødd i Nesbyen i Hallingdal og er i dag busett i Berlin. I barndommen budde han saman med mor Gerd nokre år i Noresund. Eichhöfer er utdanna fotograf frå Universitetet i Essen og jobbar som frilansfotograf og kunstnar. I arbeidet sitt har han i mange år vore opptatt av tema som opphav, heimefølelsen og tilhøyrigheit. Han har hatt fleire prosjekt der han følgjer røttene sine i Hallingdal.