Emily Jane Brontë (1818–1848) er i dag ein av dei store kultforfattarane i verda. Ho debuterte i lag med systrene Charlotte og Anne i 1846 og brukte då det mannlege pseudonymet Ellis Bell. Brontë levde tilbaketrekt og døydde av tuberkulose berre 30 år ung. I litteraturen knytte ho seg til den gotiske tradisjonen og var oppteken av det patriarkalske samfunnet og kvinnene sin ufrie situasjon i heimen. Denne kombinasjonen gjorde at ho i dag vert sett på som stiftar av ein ny sjanger: den kvinnelege gotikken (female gothic).