Elisa Helland-Hansen (f. 1950) er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole i 1970-åra (i dag Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen). Ho har vore aktiv keramikar i 50 år med bruksgjenstandar som arbeidsfelt og stiller jamleg ut både i inn- og utland. Frå 2000–2005 var ho professor i keramikk på Högskolan för design och konsthandverk ved Göteborg Universitet. I 2012 flytta ho frå Bergen til Seimsfoss i Kvinnherad og arbeider i dag på heiltid i sin nybygde verkstad der. Helland-Hansen er representert ved dei viktigaste offentlege samlingane i Noreg.