Bruno Schulz (1892–1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Ein del av forfattarskapen gjekk truleg tapt under den andre verdskrigen.
I 1942 blei den jødiske forfattaren skoten av Gestapo på gata i heimbyen Drohobytsj. Bruno Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust.