Bjørg Hovland (f. 1941) er frå Luster og er sterkt engasjert i kulturarbeid, også innan husflid og handverk.
Hovland har drive registreringsarbeid i indre- og midtre Sogn, har rekonstruert fleire draktplagg og skrive artiklar i både fagblad og bøker. Ho syr bunader og har halde kurs i bunadsaum og om hovudplagg.
Bjørg Hovland er tildelt Norges Husflidslags «Gullnål med Diplom», og ho fekk Luster kommune sin kulturpris i 1996.