Bernt Endre Johnsen (f. 1957) er frå Bergen der han bur og arbeider. Han er utdanna ved Parsons School of Design, New York City, og har arbeidd i fleire designbyrå og reklamebyrå i Oslo og Bergen. Han har undervist ved Kunsthøgskolen i Bergen og underviser for tida i art direction og kreativitet ved Norges kreative høyskole. Han har særleg arbeidd med visuell profilering og redaksjonell design. Johnsen er premiert i konkurransar som Gullblyanten, Visuelt og Årets vakreste bøker.