Arve Ullebø (f. 1971) har dei siste ti åra hatt sitt heiltidsvirke som fotograf og er til dagleg knytt til verksemda POW! Productions AS i Høyanger. Han har bakgrunn og erfaring frå alt frå brudefoto til reportasjereiser til konfliktområde som Palestina og Sunnfjord.
Arve fekk inspirasjonen til å satse som fotograf etter å ha delteke på Morten Krogvold sine kjende foto-workshops. Arve var tidleg på 90-talet trommis i Høyanger-bandet The Tubs som turnerte land og
strand. Rockebandet gav også ut to plater som hausta gode kritikkar i rikspressa.