Arve Sandal (f. 1948) er fødd på Sandane og bur no i Førde. Han er leiar for Nynorsk avissenter. Han har medieutdanning frå Høgskulen i Volda og var journalist og vaktsjef i Sunnmørsposten i ni år. Fram til 2013 var han kommunikasjonssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane. Fylkeskjendis vart han som journalist og redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane i til saman 15 år. Arve Sandal har laga mange TV-program, mellom anna Ut i naturen og film om villaksen.