Arnt Birkedal (f. 1959) er frå Stavanger der han arbeider som forfattar og skrivekunstlærar. I 1983 debuterte Birkedal som skjønnlitterær forfattar og har sidan gitt ut bøker for både barn, ungdom og vaksne. Han jobbar også som gjendiktar og låtskrivar.