Arnhild Litleré (f. 1960) er ein velkjend skodespelar, fødd og oppvaksen i Strandebarm. Ho er utdanna ved Statens teaterhøgskole og har eit breitt repertoar innan teater og TV. Litleré har hatt sentrale roller i teaterstykke frå Tsjekov og Shakespeare til ny norsk dramatikk, og er kjend frå TV-serien Side om side.
Ho har i lang tid arbeidd med tekstar av Jon Fosse og Olav H. Hauge, og har i 2006 vore initiativtakar for Fosse-dagane i Strandebarm og medarrangør fram til 2023. Som lydbokinnlesar har ho gitt stemme til forfattarar som Gunnhild Øyehaug, Brit Bildøen, Marit Eikemo og Gustave Flaubert.