Arnfinn Kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er busett i Måløy i Sogn og Fjordane. Han er barne- og ungdomsbokforfattar og debuterte i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem ... som han fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for. Han har i seinare tid også gitt ut romanar for vaksne. For Skald har han bidrege med ei forteljing til Monsterboka (2013).
