Anne Sofie Ehlers Bertelsen (f. 1964) er kunsthistorikar (cand.philol.) frå Universitetet i Bergen, med særleg interesse for grafikk. Frå 2008 til 2022 dreiv ho Galleri Langegården, eit viktig visningsrom for samtidskunst i Bergen som vart etablert i 1984. Under hennar leiing har galleriet styrkt fokuset på grafiske arbeid, og formidling av kunnskap om grafikk til galleriets publikum har vore særs viktig for ho.
Tidlegare etablerte Bertelsen Galleri Kronstad Hovedgård (2006). Ho har òg samarbeidd med andre fagpersonar og vore involvert i ei rekkje utstillingsprosjekt og kunstformidlingstiltak i Bergen.