Då ho var lita, budde Ana rett attmed stranda. Etter kvart som ho vaks opp, forsvann aldri interessa og nysfikna for havet. Ho studerte marinbiologi og fiskeri ved universitetet i Algarve, og etter å ha fullført studia jobba ho nokre år med havforsking. Først innan fiskeri ved universitetet i Algarve, seinare som laboratorieteknikar ved Maritimt laboratorium ved Guia (MARE/FCUL) i Cascais.
Dei siste åra har ho særleg engasjert seg i prosjekt innan miljøopplæring som kombinerer vitskap og kunst, fordi ho liker å formidle kunnskap om bevaring av havet. Gjennom kunst kan vi skape ei sterkare tilknyting til desse temaa, meiner ho. Det var slik ho skapte prosjektet Plasticus maritimus.