Akin Duzakin (f.1961) er oppvaksen i Tyrkia og busett i Norge sidan 1987. Han er utdanna illustratør frå Statens Håndverks - og Kunstindustriskole i Oslo. Sidan 1995 har han arbeidd som frilansillustratør, i hovudsak med bøker for barn og ungdom. Duzakin er tildelt både Brageprisen og Kulturdepartementet sin pris for bøker for barn og ungdom to gonger. I 2006 mottok han Bokkunstprisen for sitt fleirårige arbeid som bokillustratør.