Åse Tveitnes (f. 1966) kjem frå Ålvik i Hardanger. Sidan 2004 har ho arbeidd på Eigedomsavdelinga til Universitetet i Bergen. Som kulturminneansvarleg forvaltar ho kulturminneverdiane i dei freda bygningane i samspelet mellom vern og utvikling, ein arbeidsmetode som vart nytta i etableringa av Universitetsaulaen i Bergen. Hennar fagbakgrunn innan arkitektur, ingeniørfag og sosialantropologi pregar måten ho løyser oppgåvene på. Ho har saman med Eva Røyrane gjennomført arbeidet med forvaltningsplanar for UiB sine freda bygg og har tidlegare gjeve ut arkitekturguiden På nye høyder.