Vi søker digital marknadsførar og innhaldsprodusent

Har du lyst til å vere med å utvikle eit av dei kulaste uavhengige forlaga i landet? Vil du drive og utvikle Skald sine sosiale medie-kanalar? Er du strukturert og kvir deg ikkje for administrasjonsarbeid?

Stillinga vil vere ei unik moglegheit for deg som vil lære om alle delar av forlagsdrifta, og du vil jobbe tett på forlagssjefen. Vi ser etter nokon som kan jobbe 80–100 %. Arbeidsstaden er Leikanger i Sogndal kommune.

Sentrale oppgåver vil vere:
• drive og utvikle Skald sine sosiale medie-kanalar
• lage strategiar for vår digitale formidling og marknadsføring
• gje råd til forfattarar om aktivitetar i sosiale medium
• fotografering av bøker, både i studio og miljø
• administrasjon av bokklubben Nynorske klassikarar
• administrative oppgåver innan marknadsføring, rekneskap og anna kontorarbeid
• bidra med idear, tekst og ev. bilete til alle delar av forlagsdrifta

Andre oppgåver kan vere (alt etter kompetanse):
• administrasjon av nettbutikk
• ordrehandtering og bokhandlarkontakt
• planlegge og gjennomføre medie- og pressearbeid
• div. designarbeid som annonsar, plakatar (InDesign)

Vi er eit lite forlag, og du vil bli ei sentral brikke. Arbeidsoppgåvene vil variere og det er høve til å tilpasse oppgåvene til din kompetanse og dine interessefelt.

Vi ser etter deg som brenn for bøker og litteratur og har eit sterkt ønskje om å nå ut til lesarane med bøkene våre.

Du bør vere:
• systematisk og sjølvstendig
• fleksibel og interessert i ulike arbeidsoppgåver
• kreativ og initiativrik
• engasjert og effektiv
• strukturert og fokusert

Du bør ha:
• forståing og sans for det unike prosjektet Skald er og den visuelle profilen vår
• god visuell teft og grunnleggande fotokunnskap
• god datakunnskap og gjerne erfaring frå InDesign og Photoshop
• god gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
• svært god språkkunnskap i begge målformer
• forståing for at vi er eit lite forlag der vi ofte hjelper kvarandre

Du bør like:
• å halde oversikt over mange ulike arbeidsoppgåver
• å samarbeide, men også å ta initiativ
• å jobbe kreativt, men også få ting unnagjort
• å variere arbeidsdagen med litt rutineprega administrasjonsarbeid

Vi tilbyr:
• ei variert og utfordrande stilling i eit velrenommert forlag
• ei sentral rolle forlaget, med høve til å vidareutvikle den digitale profilen vår
• lærerike og varierte arbeidsdagar med høve til å få jobbe med mange ulike bøker og forfattarar
• ei stilling der du kan bruke og utvikle dine språklege, kreative, sosiale og kommunikasjonsfaglege evner
• høve til å tilpasse arbeidsoppgåvene etter interesser og evner
• eige kontor i eit unikt forlagshus i idylliske Leikanger
• eit givande arbeidsmiljø i trivelege omgjevnadar på Gamlehotellet i Leikanger

Stillinga vert utlyst som fast stilling med prøvetid på 6 månadar. Søkarar med erfaring vil bli prioriterte.

Stilling:
• 80–100 %, fast

Arbeidsstad:
• Leikanger i Sogn

Tidspunkt for tilsetjing:
• snarast

Løn:
• etter avtale

Søknad:
• Kortfatta søknad, der du får fram kva av ovannemnde oppgåver du ser for deg kan passe for deg og korleis du passar inn i Skald, og CV kan sendast til simone@skald.no.

Søknadsfrist:
5. januar 2025

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk