Vilkår for abonnementsordninga
Det vert gitt ut om lag tre titlar i året som regel ein til påske, ein til sommarferien og ein til jul.
Dette får du som abonnent:
Du får e-post om den nyaste klassikaren så snart den er sendt i trykken.
Du får gratis frakt.
Du får maksrabatt 12,5% på alle bøkene, utgitt i 2023 eller tidlegare (nytt frå 2024, sidan Boklova trer i kraft og vi ikkje kan gi rabatt på nye bøker lenger. )
Medlemskupp 10 til 1999,- (gjeld for bøker utgitt i 2023 eller tidlegare).
Korleis fungerer det?
Så snart ei bok er sendt til trykk, sender vi ut ein e-post om den nye boka i serien.
Vil du ha boka, treng du ikkje å gjere nokon ting, og du vil få boka i postkassen som ein av dei aller første i landet. Betalingsgiro vert sendt på e-post og kopi lagt ved i pakka.
Ønskjer du ikkje boka, avbestiller du innan 14 dagar. Du vil framleis vera abonnent og få tilbod om neste bok.
Dersom du ikkje ønskjer å vere abonnent lenger, skriv du det i svaret til oss. Du kan også avbestille abonnementet på Nynorske klassikarar ved å sende e-post til klassikar@skald.no.
Korleis blir eg abonnent?
Du blir abonnent ved å fylle ut nettskjemaet på skald.no.
Levering
Bøkene vert sende ut frå vårt lager hos Sentraldistribusjon AS så snart dei kjem på lager. Du får ein sms/e-post når boka er levert. Dersom du bur meir enn 250 meter frå postkassen kan det vere at pakken hamnar på ein utleveringsstad. I dette tilfelle vil du få melding om dette.
Betaling
Betalinga går via Skald AS. Vi sender deg ein elektronisk faktura rundt utsendingstidspunktet. Fakturaen vert utelukkande sendt ut elektronisk, og ikkje som vedlegg i pakken.
Feil ved leveransen
Ved feil eller manglar i leveransen, ta kontakt med oss på klassikar@skald.no. Legg gjerne ved eit bilete av ev. skade.