Karl Gustav Korsnes er 18 år og nest eldst i syskenflokken. Familien bur på Korsneset i Tafjordfjella, og driv ein karrig gard utan straum og innlagt vatn der to familiar deler stovehuset. Dei bergar seg så vidt med geitehald. Musikk er ofte den einaste avvekslinga i den tunge og vonlause kvardagen på garden. Mannfolka spelar på heimesnikra feler – alle som ein. Dei er vidgjetne som spelemenn og blir henta til både festar, bryllaup og gravleggingar.

Karl Gustav elskar fela si og drøymer om ei framtid som musikar. Då han kjem inn i Kong Oscar IIs Garde i Kristiania ser draumen ut til å gå i oppfylling. Men etter at eldstebroren seier frå seg odelen, må Karl Gustav ta over den karrige garden på Korsneset.

Spelemannen frå Korsneset av Gro Nilsdatter Røsth er ein lettlesen historisk roman, basert på livet til Karl Gustav Karlsen Korsnes (1883–1942). Han komponerte mange slåttar gjennom heile livet. I biblioteket i Valldal er 200 av slåttane hans arkivert.

Romanen er lettlesen og tilpassa ei eldre målgruppe, men kan godt lesast av ein allmenn lesar. Hendingane i romanen vil trigge minne hos dei som har opplevd liknande sjølv, andre vil hugse historier som dei har fått fortalt. Mange vil kjenne igjen dei vanskelege forholda for å drive gardsdrift før i tida.

Prosjektet er utvikla i samarbeid med og støtta av Leser søker bok.

Nynorsk
2018
14,8 x 21,0 cm
224 sider
Innbunden i tråd med kvartbind i tekstil, gullfolie.

Formgjeving: Øystein Vidnes

ISBN 9788279592747

Sagt om boka:

«Romanen er skriven i eit poetisk og klart språk, og teksten flyt lett av garde. Setningane er korte og skrifta større enn vanleg. Men romanen er så rik og så medrivande at den går heim hos dei fleste lesarar.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk