Soga om Fridtjov den frøkne er ei av det mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg.

Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen døde, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er i mot eit bryllaup mellom Ingebjørg og Fridtjov. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter etter kvart systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.

Denne nye omsetjinga er av Jon Fosse og basert på det opphavlege og lengste handskriftet av soga frå 1300-talet. Soga er ei underhaldande og lettlesen forteljing, som samstundes gjev godt innsyn i tru, skikkar og mentalitet i vikingtida.

Denne nye omsetjinga bidreg til å gjere soga kjend att i heimlandet Noreg, og den bør finnast i alle norske heimar.

2013
Nynorsk (frå gammalnorsk)
12,0 x 18,0 cm
88 sider
Innbunden i imitert skinn med overtrekk, mageband og foliepreg.

Formgjeving: Rune Døli
Omsetjing: Jon Fosse

ISBN 9788279592051

Sagt om boka:

«Magisk realisme fra vikingmiljø.»

«Et mesterstykke av en oversettelse.»

«Fosses tekst er lettlest og underholdende.»

«Soga er så kort, fascinerande og lettlesen at ho faktisk burde vera folkelesnad!»

«Solid håndverk. Fine små detaljer gjør at denne relativt minimalistiske boken kjennes personlig og litt intim med sitt lille format. Bra typografi, og en gjennomtenkt bruk av mønster og farger skaper helhet mellom form og innhold. Boken føles nesten som et lite historisk objekt i seg selv.»

«Sagaene blir aldri «gamle», det er kjennetegnet. Men hver generasjon må erobre dem på nytt, slik Jon Fosse – som mester – gjør.»

«Han er ikkje berre ein stor diktar av eigne tesktar. Jon Fosse er òg ein stor gjendiktar.»

«Eit lite stykke norsk kulturarv.»

«Soga gir eit fascinerande innblikk i vikingtida, og Fosse si gjendikting er lett å lesa.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk