2025
Nynorsk
21,0 x 26,0 cm
96 sider
Innbunden med tråd og trykt i sylskarpt offset-trykk, leseband Formgjeving: Silje Nes Illustrasjon: Victoria Sandøy
ISBN 9788279593720
Korleis såg verda ut for barn som levde for fleire tusen år sidan?
Denne boka tar dei unge lesarane med gjennom verdshistoria – frå steinalderbarna som gjekk på jakt med kvasse spyd, til jenta som sanka korn langs Nilen, og guten som arbeidde lange dagar i ein farleg fabrikk.
Gjennom levande forteljingar får vi sjå at historia vår ikkje berre handlar om kongar og store hendingar, men òg om kvardagslivet til barna som har levd midt i det heile. For historia handlar ikkje berre om vaksne, men også om barn og korleis dei har vore med på å forme verda vi lever i.
Erna Osland har skrive ei ambisiøs og spennande forteljing om barn som har leika, lært og levd til alle tider. Saman med dei vakre og fargerike illustrasjonane til Victoria Sandøy er boka ei skattekiste for nyfikne barn i skulealder og gir eit engasjerande første møte med verdshistoria.
2025
Nynorsk
21,0 x 26,0 cm
96 sider
Innbunden med tråd og trykt i sylskarpt offset-trykk, leseband Formgjeving: Silje Nes Illustrasjon: Victoria Sandøy
ISBN 9788279593720
Sagt om boka:
«Barnas verdshistorie er ei viktig bok som gir barn tilgang til verdshistoria på ein måte som er pedagogisk, poetisk og politisk medviten. Ho viser korleis barn har blitt forstått og behandla gjennom tidene, og korleis barn si stilling har endra seg i takt med teknologisk og samfunnsmessig utvikling.
Ho tek barn på alvor – både som lesarar og som historiske aktørar.»
Vinnar av Brageprisen 2025, frå juryens grunngjeving
«Dette er ei nydeleg, påkosta og godt fortald bok som vil appellere og gje nærleik til ei til dels fjern historie for nye lesarar. […] Erna Osland og Victoria Sandøy lukkast med å framstille komplekst historisk stoff på ein måte som inkluderer barnelesaren.»
Nominert til KUDs sakprosapris, frå juryens grunngjeving
«Boka er verdshistoria til barna i dobbel tyning, ho er både skriven for barn og set deira skiftande liv gjennom tidane i sentrum. Det er ingen liten prestasjon når det gjeld eit tema som faghistorikarar lenge har forsømt, og det aukar utvilsamt sjansen for at unge lesarane kan identifisera seg med andre barn til andre tider og på andre kontinent.»
«Forfattar og illustratør har eit heilt arsenal av pedagogiske grep som gjer forteljinga komprimert, utan at ho mistar presisjon og nyansar. [...] Barnas verdshistorie gir inntrykk av å vere gjennomtenkt på alle nivå, frå dei større grepa, ned til val av formuleringar og ordval.»
«Boka inviterer til refleksjon rundt kva barndom er og har vore. Dette er ei samtalebok som formidlar kunnskap og stimulerer til kritisk tenking og undring. Ho gir innsikt i store oppdagingar og vitskaplege framsteg, samstundes som ho ikkje viker unna det mørke og ubehagelege. Her får krig, urettferd og liding plass.»
Vinnar av Brageprisen 2025, frå juryens grunngjeving