Gi 100 kr til Ukraina og Flyktninghjelpen

Saman med illustratør Tanja Markhus (tidlegare Tetiana Kosovska), som sjølv er frå Ukraina, samlar vi inn pengar til Flyktninghjelpen sitt initiativ i Ukraina. Vi donerer 100 kr for kvart eksemplar selt her i nettbutikken.

I denne vrimleboka tek illustratør Tanja Markhus barna med til eit yrande liv inn mellom blomar og gras, kongler og lauv.

Her møter dei alt frå biller og maur til bier og sommarfuglar, og kan følgje dei ulike figurane på eventyr. Markhus teiknar fantasifullt fram finurlege figurar og morosame møte. Boka inneheld ikkje tekst, så her kan små og store lesarar finne sine eigne forteljingar.

2021
Utan tekst
21,0 x 30,0
12 sider
Kartonert

Illustrasjon: Tanja Markhus

ISBN 9788279593140

Sagt om boka:

«Vidunderleg, vakker og viktig vrimlebok! […] Tetiana Kosovska teiknar så levande at ho gjev naturen sjel. Dei detaljrike teikningane er så fulle av historier at ein kan lesa boka om og om igjen og oppdaga noko nytt kvar gong. […] I tillegg til å vera vakker og vidunderleg, er I skogen også ei viktig bok.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk