I tusenvis av år har mennesket vore oppslukt av talet pi (π). Pi er enkelt å definere: Det er forholdet mellom omkrinsen og diameteren i ein sirkel. Men ingen har nokon gong klart å skrive det ned! For desimalane held fram inn i det uendelege, og det er ikkje noko mønster eller orden i talrekka. Fordi talet er uendeleg langt, betyr det at du vil kunne finne både telefonnummeret ditt og passnummeret ditt – og bursdagsdatoane til alle barn som nokon gong har levd – i pi. Og ikkje berre ein gong, men uendeleg mange gongar!

Fantastiske pi inviterer deg til å fordjupe deg i den spennande matten bak talet, fortel historia frå då det vart oppdaga og forklarer korleis matematikarar brukar talet i dag. Du får sjølvsagt også lure triks for å hugse så mange desimalar at mattelæraren kjem til å bli superimponert – og ein haug med pi-nlege vitsar.

Boka viser at matematikk er meir enn berre rette svar, men eit fag som òg har rom for mysterium, fantasi og undring. Det får oss til å stille dei store spørsmåla: Kva betyr det at noko er uendeleg?

Fantastiske pi er omsett frå engelsk av Jørgen Eriksson Midtbø. Boka er gjennomillustrert og passar best for barn frå 10 år.

2026
Nynorsk
21 x 26 cm
88 sider
Trådinnbunden hardcover

Formgjeving: Øystein Vidnes
Illustrasjon: Joonas Slidre
Omsetjing: Jørgen Eriksson Midtbø

ISBN 9788279594246

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk