Førdefestivalen er den største internasjonale folkemusikkfestivalen i Skandinavia og ein av knutepunktfestivalane i Norge. Festivalen har kjempa seg gjennom medgang og motgang, barnesjukdommar og skot for baugen til den no står fram som ein godt moden 20-åring. Dette er boka om denne fargeklatten av ein festival.