Langt, langt mot nord, så langt mot nord som det er mogleg å koma, der bur isbjørnane. Torbjørn er ein liten isbjørn. Ein dag sit han på ein stein og klør seg i hovudet. Sjølv om han har kvit pels, fire labbar, to søte små øyre og likar å symja i havet, er det noko som ikkje er som det skal vera.
Ei humoristisk bok om identitet, om å høyra til og om å vera litt annleis.