Har du nokon gong møtt blikket til ein sau og lurt på kva han prøver å fortelje deg?
Sauen er eitt av dei eldste og mest utbreidde husdyra i Noreg, men kor godt kjenner vi eigentleg dette intelligente og sosiale dyret? I denne boka tek forfattar, sauebonde og sauekviskrar Hilde Buer deg med inn i sauen si verd. Med varme, innsikt og fagleg presisjon viser ho korleis sauen opplever omgivnadene sine – og korleis vi kan lære å forstå språket hans.
Det siste tiåret har forskinga gitt oss mykje ny kunnskap om sau. Denne rikt illustrerte boka samlar den nyaste forskinga med solid erfaringskunnskap om stell, miljø, beite, helse og dyrevelferd, og knyter alt til praktiske situasjonar på garden og i utmarka.
Sauen gir stadig små signal om kva han treng og korleis han har det. Når vi lærer å lese desse teikna og byggjer tillit, kan vi redusere både tvang og unødvendig stress for dyr og menneske. Resultatet er betre dyrevelferd, rolegare handtering og ei meir effektiv drift. Med kunnskap om sauen sin biologi, åtferd og det sosiale livet i flokken blir det lettare å leggje til rette for friske, trygge og velfungerande dyr.
Dette er ei uunnverleg handbok for sauebønder – og ei fascinerande bok for alle som vil forstå sauen betre og lære meir om dyrevelferd og dyreetikk.