Sidan ho var tenåring har kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg vore ein pasjonert brukar og samlar av smykke. Samlinga hennar dekkjer nesten femti år, inneheld 550 gjenstandar og inkluderer verk av 210 smykkekunstnarar frå 30 ulike land. Nokre av smykka er masseproduserte, andre er unik kunst. Konvensjonelle former lever side om side med eksperimentelle objekt, og humor og politikk finst i rikt mon.

Boka tar for seg kvifor Veiteberg blei samlar, og kva som gjer smykke så fasinerande som samleobjekt og kunstnarleg medium. Det er ei personleg historie, men boka er også eit bidrag til nyare kunsthandverkshistorie.

Fotograf Guri Dahl har stått for fotografering og fotomontasje av samlinga.

Boka er midlertidig utseld. Alle bestillingar blir sende så snart boka er på lager medio desember.

2021
Nynorsk
15,0 x 21,0 cm
550 sider
Innbunden, med sølvfoliepreg.

Formgjeving: Rune Døli

ISBN 9788279593317

Sagt om boka:

«En sjeldent gjennomarbeidet og storslått kombinasjon av tekst, bilder og bokformgiving, som på same tid er en ukonvensjonell samlerhistorie og et tungtveiende argument for smykkekunstens betydning.»

«Med smittende entusiasme formidler Veiteberg rikdommen i den samtidige smykkekunsten og den fruktbare undringen over hva et smykke kan være.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk