Vik fekk sitt første skulehus i 1741 og var dermed ein pionerkommune på landsbygda. Då den 9-årige skulen vart innført, var Vik kommune igjen tidleg ute. Boka fortel historia om skulane i Vik frå byrjinga i 1741 og fram til i dag i ein generell del. Deretter har skulekrinsane fått kvart sitt kapittel.
Omtalte skular er Flatbygdi, Bøadalen, Ovrisdalen, Seljedalen, Svardal, Valsvik, Dale, Indrefjord, Nese, Finden, Sylvarnes, Vetlesand, Djuvik/Hovland og Vangsnes.