Voss har fostra skiutøvarar i verdsklasse heilt sidan 1940-talet. No får dei sin velfortente plass mellom to permar – i ei bok spekka med bilete frå NM, verdscup og andre internasjonale og nasjonale skirenn. Intervju med VM- og OL-vinnarar som Jon Istad, Eirik Kvalfoss, Kari Traa, Lars Bystøl, Kristen Skjeldal gir eit unikt innblikk i dei som stod bak bragdene som var med å setja skibygda Voss på kartet.