Kvar time hamnar det tusen tonn plast i havet. Det tilsvarer eit lastebillass med plast kvart einaste minutt!

Då ho var lita, hadde Ana Pêgo stranda som leikeplass. Ho gjekk turar, kika på det yrande livet i fjøra og samla fossil. Alt dette var så spennande at ho bestemte seg for å bli biolog, for å studere det fargerike dyrelivet nærare. Men etter kvart såg Ana meir og meir av noko som likna på ein ny, mangfaldig dyreart: plast. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus.

Med ei eineståande formidlingsevne og stort pedagogisk overskot fortel Ana Pêgo historiene bak avfallet som flyt i land langs kysten vår. Ho forklarar djuptgåande kvar plasten kjem frå, korleis han påverkar livet på kloden og kva problem han fører med seg. Men ho viser oss også korleis vi kan gå fram for å endre utviklinga.

Norske barn veks opp med strandrydding og lærar om plast i havet og naturen. Dei er svært opptekne av miljø, og temaet er sentralt i både barnehage og skule. I Plasticus maritimus tek Ana Pêgo barna på alvor og gir dei grundig fagleg kunnskap om temaet.

2024
Nynorsk
15,0 x 21,0 cm
176 sider
Trådinnbunden hardcover, trykt i sylskarpt offset-trykk.
Klimatransparent produksjon

Illustrasjon: Bernardo P. Carvalho

ISBN 9788279593836

Sagt om boka:

«Boka var veldig interessant og jeg lærte mye om plast i havet og resirkulering.»

«Er du interessert i kva plast eigentleg er og kva du kan gjere, få tak i denne boka. Og det litt brennkvikt.»

«Målet med denne boka er å gjere lesarane til ekspertar på havplast. Her finn lesarane det dei treng å vite for å skjøne kva problem plasten skaper, og kva vi kan gjere med dei. Dette er ei lærerik sakprosabok som vi trur eignar seg godt i klasserommet. »

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk