Oppstadveven er ei tverrfagleg utforsking av ein sentral del av den nordatlantiske tekstile kulturarven. Boka fortel tre nasjonale historier – frå Noreg, Island og Shetland – og kombinerer teoretisk innsikt med praktisk kunnskap om oppstadveven, eit av dei eldste vevtejnikkar vi kjenner.
Utgangspunktet for prosjektet var ei rekkje praktiske kurs i vestnorsk åklevev på oppstadvev, arrangert av Osterøy museum i 2010. Dette førte til eit unikt samarbeid mellom Hildur Håkonardottir (Island), Elizabeth Johnston (Shetland) og Marta Kløve Juuhl (Noreg). Resultatet vart eit internasjonalt verk som dokumenterer, vidareutviklar og aktualiserer denne tradisjonen.
Boka gir eit historisk oversyn, viser rettleiande teknikkar og gir konkrete oppskrifter for dei som vil veva sjølve. Ho viser korleis gamle, nær gløymde metodar kan få nytt liv gjennom praktisk, utøvande forsking.
Oppstadveven er meir enn ei fagbok – ho er del av ein større formidlingstradisjon for immateriell kulturarv. Gjennom å plassera veven i både historisk og kulturvernfagleg samanheng, bidreg boka til å ta vare på og føre vidare kunnskap om handverk, reiskap og produkt – og til å inspirera nye utøvarar.
Den nye utgåva er laga med sveitsisk innbinding – ei slitesterk og brukartilpassa løysing som gjer det lett å slå opp og arbeide med boka, samstundes som den er solid og toler bruk.
Hovudspråket er engelsk, med oppskriftstekstar på norsk og islandsk.
Boka er utgitt i samarbeid med Osterøy museum / Museumssenteret i Hordaland.