Boka er retta mot hageeigarar, men òg profesjonelle frukt- og bærdyrkarar. Dagens fokus på økologisk og organisk er sterkt, men mange lurar nok på korleis ein skal driva det i praksis.

Norske hageeigarar er ofte skeptisk til bruk av kjemikaliar mot skadedyr, soppsjukdomar og ugras. Denne boka er så å seia fri for tilråding om sprøyting og kjemiske tiltak, men tek for seg korleis ein kan samarbeida med naturen sjølv for å bekjempa skadedyr og sjukdomar. Når ein veit korleis skaden etter skadedyr og soppsjukdomar ser ut, kan ein lettare avverga eller redusera slike åtak.

Forfattar Olav Sørum har heile sitt vaksne liv jobba som forskar og rådgjevar for profesjonelle frukt- og bærdyrkarar. Han har no skrive ned kunnskapen han har samla opp gjennom åra, og gjer informasjonen tilgjengeleg for oss alle gjennom denne boka. Teksten er rikt illustrert med foto.

2010
Nynorsk
15,2 x 23,8 cm
213 sider
Innbunden med trykt overtrekk, lakk.

ISBN 9788279591436

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk