Keramikarparet Kari Bugge Gjerstad (f. 1925) og Odd Gjerstad (1923–2014) har vore sentrale personar i utviklinga av det frie kunsthandverket i Noreg. Denne boka gir glimtvise innsyn i deira yrkesliv og store produksjon.

Arbeidet deira med leire og glasur er hovudtema i boka, men vi får også møte lærarar, vener, kollegaer og lærlingar som har vore viktige for deira utvikling, og inspirasjonskjelder i form av kunst og kultur frå alle tider og verdshjørne.

I 1954 skapte paret sitt felles varemerke, Odka, som blei brukt på mykje av det dei laga sjølve, og på all godkjend produksjon frå praktikantane deira. Alt dei har laga har likevel anten Odd eller Kari si form som utgangspunkt.

Sonen deira, Alf Bugge Gjerstad, er redaktør for boka. Han er utdanna biletkunstnar og har mellom anna vore prosjektleiar for kunstnarisk utsmykking i Hordalands fylkeskommune. Den rikt illustrerte boka inneheld mellom anna tekstar av førstekonservator Anne Britt Ylvisåker, journalist Cathrine Krane-Hansen og hovudpersonane Kari og Odd sjølve.

2020
Nynorsk, bokmål
21,0 x 27,7 cm
224 sider
Innbunden med kvartbind i tekstil, foliepreg.

Formgjeving: Silje Nes

ISBN 9788279593126

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk