Levd liv fortel soga om sogningane frå steinalderen til i dag. Boka skildrar fortida så levande at vi blir dregne inn i soga. Vi luktar røyken i dei gamle stovene. Forfattarane og fotografen har gjennom ord og bilete pusta liv i dei gamle husa på De Heibergske Samlinger, folkemuseet som i 2009 feirar 100-årsjubileum. Historia til museet er skildra bak i boka. Her ser vi den store innsatsen til eldsjelene som har teke vare på fortida vår, slik at vi kan ta ho med oss inn i framtida.
Livet til sogningane gjenspeglar på mange måtar livet til nordmennene generelt. Slik er denne boka også eit stykke noregshistorie, sett med sogningane sine auge.