Leif Rygg (1940–2018) var riksspelemann og ein bauta i norsk folkemusikk. Han hadde ein heilt eigen tone i slåttespelet og var ein formidlar av rang. Rygg var lidenskapleg interessert i det han dreiv med, og hadde ei unik evne til å begeistre dei rundt seg. I tillegg til spelemann var han ein dyktig kulturentrepenør og organisator. Han arbeidde systematisk med rekruttering og opplæring for å halde folkemusikk-miljøet levande, og bygde opp spelemannskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss til eit akademisk studium. Leif Rygg sitt aller største bidrag var hans livslange arbeid for å vidareføre den rike vestlandske slåttearven.

I boka fortel sonen Steinar Rygg om korleis han opplevde far sin. I tillegg er mellom andre Håkon Høgemo, Gunnar Stubseid, Sigrid Moldestad, Liv Merete Kroken, Hans Bohm, Knut Buen og Håkon Asheim gjesteskrivarar.

2021
Nynorsk
16,7 x 23,6 cm
176 sider
Innbunden i kvartbind i tekstil, foliepreg.

Formgjeving: Silje Nes

ISBN 9788279593232

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk