I denne boka kjem vi tett på Kåre Lerum – forretnings-mannen og det samfunnsengasjerte mennesket med eit bankande hjarte for dei svake i samfunnet.

Gjennom forfattar Henning Rivedal fortel Lerum ærleg og direkte om kampen for å halda på Lerum som ei familie-bedrift med adresse i Sogndal, om personlege kampar, om livet som lokalpolitikar og visjonær samferdslepolitikar, om evna til å kombinera forretningsdrift med å driva humanitært hjelpearbeid, og ikkje minst – om kjærleiken til musikken.

Til saman teiknar boka opp eit bilete av eit spennande og uvanleg rikt liv som leidde fram til at Kåre Lerum i 2005 vart kåra til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs orden.

2021
Nynorsk
19,9 x 25,0 cm
184 sider
Innbunden med kvartbind i tekstil, foliepreg.

Formgjeving: Silje Nes

ISBN 9788279592914

Sagt om boka:

«Mange som les denne boka vil bli overraska over å finna Kåre Lerum sine fingrar med i spelet om bedrifta du jobbar i, vegen du køyrer på eller bygda du bur i. […] Ei historie du bør lesa om du er interessert i å forstå korleis ting vart som dei har vorte i Sogn.»

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk