Endeleg i nytt opplag!
Ingenting er meir spennande enn å utforske fjæresteinane. Alle barn elskar dei små fjærefantane som gøymer seg her.
Gjennom leikne dikt og teikningar tek forfattar Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby oss med til ei verd full av dyr frå hav, fjord og strand. Dei tek utgangspunkt i karakteristika for artane, utsjånaden og livsforma og fabulerer fram morosame situasjonar.
Ei fantasifull og humoristisk bildebok om livet i fjord, sjø og blant fjæresteinane.