Med Horisontar tek Eide eit stort steg vidare i si litterære utvikling – samtidig som han held fast i tema og motiv vi kjenner frå tidlegare.
Horisontar er ei samansett, mangfaldig tekstsamling. Med denne samlinga har Finn Egil Eide plassert seg som ein sentral forfattar i den nyare litteraturen i Sogn og Fjordane.

Samlinga er sett saman av 53 dikt, delt i 9 bolkar. Tittelen Horisontar peikar både mot det nære landskapet og mot grenser for opplevingane våre – men også mot noko som er bortanfor, utanfor det vi umiddelbart sansar.

Identitet, landskap og tid er tre viktige motiv som vert repeterte og spelte ut mot kvarandre i Eide si særmerkte veksling mellom konkrete sansingar og filosofiske refleksjonar. Undringa er såleis eit berande element i Eide sine dikt.

2007
Nynorsk
13 x 21cm
68 sider
Innbunden med smussomslag i papir.

ISBN 9788279591122

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk