Romanen kom ut på tysk på 1930-talet og er skriven av den sveitsiske forfattaren Karl Friedrich Kurz. Kurz budde i Sunnfjord frå 1924 til 1950. Då flytte han til Sotra der han døydde i 1962. Han var svært populær i tysktalande land. I 1934 fekk han mellom anna Schillerprisen frå den sveitsiske Schillerstiftinga.
Herskap ved fjorden er første boka av Kurz som er omsett til norsk. Omsetjarar er Heidi Helle og Rolf Losnegård.