Ny utgåve av boka som har vore utseld ei stund og etterspurt.

I boka skriv forfattaren om Gulatinget frå Harald Hårfagres dagar og fram til omkring 1300 då tinget vart flytt frå Gulen til Bergen. Han ser på tinget som ein møtestad mellom det vestnorske bondesamfunnet og dei to offentlege maktene, kongedømet og kyrkja, som søkte å organisere samfunnet under seg i mellomalderen.

Forfattaren ser den eldre Gulatingslova som eit vitnemål om tilhøva i bondesamfunnet og dei rollene konge og kyrkje spela der, før eit sterkare rikskongedøme og ei meir uavhengig kyrkje tok over og det vart trong for nye lovbøker. Har oversikt over forkortingar, kjelde og litteratur og register.

Den nye utgåva blei til på initiativ og med støtte av Gulen kommune og Tusenårsstaden Gulatinget

2021
Nynorsk
21,7 x 28,8 cm
240 sider
Innbunden med kvartbind i tekstil, foliepreg.

ISBN 9788279592341

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk