Vi flyr og vi flaksar
kurrar og kraksar
kvitrar og kvekkar
trippar og trekker

så sit vi på trappa
og trillar og trallar
speidar i lufta
og lengtar og kallar

Så jagar vi rundt
seglar og vandrar
svevar og stig
styrtar og landar

Vi vil ikkje inn
i storm eller stille
vi er heime i vind
vi er frie og ville

Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar er ein fantasifull og leiken inngangsport til den nære og tilgjengelege norske fuglefaunaen for barn. Lisbeth Dreyer har tatt utgangspunkt i heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv, men diktar fram morosame situasjonar på rim.

Boka formidlar stoffet på ein måte som både utfordrar, engasjerer og inspirerer barna til å legge merke til det yrande fuglelivet dei har rett utanfor døra si, på veg til barnehage og skule.

Per Ragnar Møkleby gjer fuglane personlegdom, men alltid fundert i korleis dei faktisk ser ut og lever i naturen – for at barn skal kunne lære om og kjenne att fuglane i boka.

2023
Nynorsk
17,0 x 21,6 cm
32 sider
Innbunden med kvartbind i tekstil, foliepreg, spottlakk.

Formgjeving: Øystein Vidnes
Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby

ISBN 9788279593423

Sagt om boka:

«Boka vil garantert vekke interessen for disse underfundige skapningene som flyr i flokk, samler seg på torget, bygger reder i trærne og sitter i rekke og rad på strømledningene. Fuglene lever sine liv side om side med oss, men kan allikevel føles fjerne. Boka er et forsøk på å bringe dem litt nærmere, og inspirerer leserne til å bli mer observante på det som skjer i naturen – eller rett rundt gatehjørnet.»

«Boka har eit nærvær som engasjerer og inspirerer. Ho gjer lesaren merksam og utfordrar det vi allereie kan og veit, eller kanskje tek for gitt, om fuglane som omgjev oss. Dette er ei nydeleg biletbok til glede for små og store i barnehage og på 1.–4. trinnet. »

Handlekorg
Lukk
Handlekorga er tom.
-+
Tittel
Tal
Pris

Totalt: NOK

MVA utgjer NOK

Fri frakt i Noreg

Send inn manus
Lukk
Kjøpsvilkår
Lukk
Foreign rights
Lukk