Geiranger er ein av Noregs mest besøkte fjordarmar. Med båt eller bil, gåande og syklande, valfartar tusenvis av turistar frå både inn- og utland til denne vesle bygda inst i Geirangerfjorden, den inste delen av Storfjorden. Heile fjorden, med fjella rundt, fekk verdsarvstatus i 2005, og hegnar om eit heilt eige særpreg i det vestnorske fjordlandskapet.
Forfattar og fotograf Ingeborg Refsnes har gjennom eit år teke bilete og besøkt denne verdskjende fjorden, og tek oss med seg rundt i verdsarvsområdet for å vise oss dei høge fjella, den djupe fjorden og alt som ligg midt i mellom.
Boka vert utgitt i serien Skalds turistbøker, der det i 2018 vart gitt ut bok om Flåmsbana.