Journalist Henning Rivedal og historikar Kjerstin Risnes kjem med ei praktbok om gamalosten si rolle i norsk matkultur. Ein kan rynka på nasen, og det er nettopp det mange gjer når ein tek osten fram, men gamalosten fortset å vera del av daglegvaresortementet og ein av våre mest berykta eksportartiklar!
Boka tek for seg fenomenet gamalost: Historie, helseeffektar, mytar, bruksområde og sjølvsagt saftige anekdotar, som det naturlegvis oppstår i samband med ein så markant nordmann.